onsdag 20. februar 2008

MF Edøy har reist frå Romsdal og rute 34

Onsdag 20. februar 2008 klokka 13.00: MF Edøy gikk frå kai ved Bolsønes Verft AS og sette kursen ut Romsdalsfjorden. Skodda låg tjukk over fjorden, og det var ei stillferdig, anonym avskjed der ferja kryssa rute 34 mellom Molde og Sekken

Arbeidslaget ved verftet var alt i gang med eit nytt prosjekt – reparasjon og vedlikehald av ein større båt. To mann stod på verftskaia og speida ut i skoddeheimen, men inga ferje var å sjå.

I januar sette dei seg i spissen for den sørgmodige festforestillinga «Adjø mf Edøy» og hadde no lyst til å følgje gamleferja første etappe på «siste reis» i Romsdal. Den turen blei det ikkje noko av. Kombinasjonen av innspurt i inngangsetting av den nye thrusteren, skodde og overflyging på Årø, mobiltelefonkluss og anna klabb sette ein stoppar for Sekken.net si planlagte avskjedsreportasje.

Fotografen sukka som Ivar Medaas: «Detta var sørgeleg ilt!»
«Det skulle kanskje slik vere», sa kompanjongen frå bymuseet.

Og det var soga om MF Edøy i rute 34. Så langt, får vi legge til. Det kan vel hende at namnet dukkar oppatt på skjermen frå tid til anna. Denne ferja har tross alt vore ein del av sekkjalivet i nesten to tiår. No går «ferja vår» sørover til eit nytt liv i Rogaland. God tur!

Snart kan vi ønske MF Sekken velkommen i rute 34.




BILDET: 10.000 PASSERINGAR? Det er ikkje langt unna at MF Edøy har gått gjennom Hjertøysundet ti tusen gonger i løpet av to tiår. Spor i sjø blir snart viska bort, og etter kvart blir ei gammal ferje til eit fjernt minne. Foto: Øystein Eik
2007/2008/02/spor.jpg|||0||bottom||

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar