tirsdag 5. februar 2008

Fv 413: IKKJE ASFALT PÅ SEKKEN FØR I 2009

OPPDATERT ARTIKKEL: I fjor kom det sterke signal om at fylkesvegen mellom ferjekaia og Vestadstranda ville få asfaltdekke i 2008. No gir Statens vegvesen klar beskjed: Det blir ikkje asfaltlegging på Sekken før neste år.

Fylkestinget vedtok i sak T-54/06 prioriteringslista for utbetring og legging av asfaltdekke på dei fylkesvegane som til då ikkje var inne på ei slik liste. På denne lista står fylkesveg 413 på Sekken på 6. plass.

– I 2008 greier vi kanskje å få finansiert og ombygd fylkesveg 230 i Fræna, som har prioritet 3. Dersom ramma for 2009 blir om lag 25 mill. kr, reknar eg med at fylkesveg 413 er fullfinansiert og dermed blir fullført med asfaltering i 2009, opplyser sjefingeniør Svein Solbjørg i Statens vegvesen, region midt.

Dermed kan det sjå ut til at 2009 blir eit merkeår for fylkesveg 413, men til så lenge er det altså grus heile vegen rundt Sekken.
Svein Solbjørg orienterer vidare om saksgangen:
Det er fylkestinget som har vedteke prioriteringslistene for utbetring og legging av asfalt på fylkesvegane . Fv 413 på Sekken er med på prioriteringslista som fylkestinget vedtok i sak T-54/06 i oktober 2006. På denne lista var det prioritert 33 fylkesvegstrekningar og fylkesveg 413 på Sekken fekk der prioritet 6.

Prioritet 1 på lista er alt utbetra og har fått asfaltdekke. Som følgje av kommunal forskottering er det alt utbetra eller utbetring er i gang på 4 andre strekningar av desse 33 strekningane.

Føresetnaden for denne oppgraderinga av fylkesvegane er at det skal leggjast til grunn ein svært nøktern standard. Grøfter blir utbetra, stikkrenner blir om nødvendig utbetra og det blir opparbeidd ein del møteplassar. Men vegen skal ikkje breiddeutvidast eller få betre horisontal- og vertikalkurvatur, og i praksis fører det til at fylkesvegen blir ca 0,5 m smalare enn i dag.

Dersom det er ønskjeleg å utbetre vegen til ein høgre standard, må  meirkostnaden dette fører til finansierast med 50 % av kostnaden på kommunen og 50 % på fylket.

Fylket har ikkje så mykje midlar til dette. Det blir kvar haust sendt brev til alle kommunane i fylket om dette, og samferdselsutvalet vedtek fordelinga av midlar i møtet sitt i desember året før det aktuelle budsjettåret.
Midlar til prosjekta i "grusvegpakka" blir vedteke av fylkestinget ved behandlinga av det komande budsjettet med økonomiplan for dei fire neste åra.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.