søndag 27. januar 2008

Stor flo da stormen Sondre kom inn fjorden

MF Eiksund låg i ro ved ferjekaia i Molde under dei verste stormbygene fredag 25. januar. Ferjene mellom Molde og Vestnes prøvde stort sett å halde ruta, men rekordhøg flo skapte problem også for dei ved kai. Ved 13-tida var floa på sitt høgste. Skippy`s rista og bølgene slo borti veggen på kioskbygget.


På kaia venta Stig Vestad i godsruta med varer til Samsen. Førar Svein Solheim (vikar) vurderte situasjonen slik at det var berre å ligge i ro. Om MF Eiksund ville komme seg vest for holmane og innover til Sekken utan for store problem, så ville ferja truleg ikkje komme inntil kai på Sekken på grunn av høg sjø.
Om bord i MF Romsdal kunne førar Oddvar Fenstad melde at dei såvidt kom seg frå kaia i Molde på grunn av floa. Ei stund seinare kom MF Tresfjord sigande inn med Timeekspressen og fleire større bilar som fekk ein bratt unnabakke ned lemmen.
Robert Olsen blir no fast førar om bord i ferje mellom Molde og Sekken. Han var også oppe i styrhuset under stormkasta i lag med Svein Solheim. Robert Olsen kjem frå styrmannsjobb på MF Romsdal. Dei to andre som skal førje ferja i rute 34 i tida framover er Dagfinn Thoresen og Reidar Røren.
Robert Olsen står her i styrhuset og flirer fordi fotografen blei overraska av ei stor båre som kom brått på – og den får ta skulda for at bildet er uskarpt.

MF Eiksund bruker 10 minutt ekstra på å gå vest for Moldeholmane i roleg ver. Da klokka nærma seg 17 var ferja framme på Sekken, og alle passasjerane kunne fortsette turen heimover til middag og helg.
Av Øystein Eik (tekst og foto)

Sekken.net vil gjerne publisere foto av storm og flo på Sekken. Vil du dele dine inntrykk med andre? Adressa er: redaksjonen@sekken.net   og telefonnummeret er: 975 91 319


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar