søndag 20. mai 2007

I første halvdel av juli: Midtfjordsfestivalen 6418

I fjor inviterte Sekken museum til ei veke under namnet Møteplassen kulturfestival. Dette var eit forsøk på å utvikle museet og bygda som møteplass – og mange ga uttrykk for at det var eit godt forsøk! Både møteplass- og festivalbegrepet er med vidare under nytt namn: Midtfjordsfestivalen 6418.

SAKTE-FESTIVAL. Dette er ein liten festival i ei lita bygd. Både festivalen og bygda treng besøk som kjem med impulsar og bidrar til eit positivt miljø. Samtidig har bygda mykje å tilby gjestene. Somme vil nok oppleve Sekken som ein roleg plass. Styret har ingen ting imot at Midtfjordsfestivalen blir oppfatta som litt saktegåande, og vi innfører gjerne begrepet «slow festival». Men innimellom kan det nok bli litt hektisk.

LITT OM MIDTFJORDSFESTIVALEN 6418
SØN 1. juli: Kafe på museet
MAN 2. juli: Juniormøteplass
ONS 4. juli: HÅP – Vandring i Vedalshaugen
FRE 6. juli: Musikk på museet • Pub
SØN 8. juli: Kafe på museet
MAN 9. juli: Juniormøteplass
ONS 11. juli: Stikk UT! på Sekken – Sollibøvatnet rundt *
FRE 13. juli: Kveldskonsert – Sekken kyrkje **  
LØR 14. juli: Middag på møteplassen
SØN 15. juli: Kafe på museet
ALLE DAGER: Stikk innom museet når du har tid og lyst.
[* Medarrangør: Idrettslaget  ** Medarrrangør: Soknerådet]

Dette er ei grovskisse for programmet på Midtfjordsfestivalen. Dagaktiviteten på museet er ein viktig del av festivalen. Alle er velkomne til museet heile sommaren, og spesielt i veke 27 og 28 skal det være lett å treffe folk her. Dei fleste enkeltarrangementa er lagt til kveldstid. Pubkveldar kan bli annonserte etter kvart – med eller utan programinnslag.

NB! ALLE kan komme med idear og forslag til innslag på festivalen, og arrangøren vil sette stor pris på all hjelp med programarbeid og praktisk gjennomføring.
KONTAKTINFORMASJON

Anna Malene Eik
festivalsjef
E-post: redaksjonen@sekken.net
Telefon: 996 28 204

Festivalstyret = styret i Sekken museumslag
6418 Sekken
E-post: redaksjonen@sekken.net
Telefon: 975 91 319


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar