fredag 23. februar 2007

M/F Edøy blir ståande på slipp ut veke 9


Arkivbilde frå 24. februar 2005
Her sto ferja for nøyaktig to år sia, og oppholdet varte ei vekes tid. No blir oppholdet stadig forlenga. Først kom meldingane om hol i skroget. Så blei det avdekt hol i dieseltankar! M/F Edøy kjem kanskje ikkje i rute igjen før vi er ei veke ut i mars.

– Ja, dette tar lenger tid enn vi hadde tenkt. Det blir nok ei veke i tillegg til det vi rekna med i forrige omgang, truleg ut veke 9. Det seier teknisk inspektør Arne Lyslo i Fjord1 MRF. Platene skal da vere erstatta med fullverdige plater, og dieseltankane skal vere reparerte. Når Edøy kjem på sjøen igjen, skal ferja vere i god stand.

– Kan du seie noko om kva som skjer med ferja i Edøy vidare?
– Det vi veit er at nye forskrifter om redningsutstyr blir gjort gjeldande frå 1. januar 2008.

Utover det vil ikkje Arne Lyslo uttale seg om ferja. Vi håper å få i orientering frå Fjord1 MRF om dei vidare utsiktene for ferja i rute 34.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.