mandag 10. juli 2006

Tale til opning av Ingvar Outzen si måleriutstilling

Denne talen heldt Ingar Aas ved opninga av måleriutstillinga til Ingvar Outzen 10. juli 2006.

Eg har kjent deg, Ingvar, lenge – heilt sidan 1949 da eg kom til Molde og tok til på gymnaset. Du budde den gongen eit stykke oppe i Amtmann Leths gate og eg hadde hybel hos Lina Gjendem i nr. 1, eller populært kalla «gravens rand» fordi huset grensa til nedre kyrkjegard.

Den gongen var det ikkje måling og teikning som gjorde at vi kom saman, men felles strev med matematikkoppgåver. Seinare – i vaksen alder – har eg igjen hatt gleda av å vere saman med deg og kunne gle meg over kunsten din.

Da eg hadde sagt ja til å vere med ved opninga av denne utstillinga hadde eg behov for å snakke med deg om kunstnarkarrieren din. Og på spørsmål om kor lenge du har arbeidet med å måle bilete, var svaret: «BESTANDIG» – eller så lenge du kan huske.

Kva er det som gjer at nokon får lyst til og interesse for biletskaping? Sjølvsagt har det noko med gener å gjere, vi snakkar om å ha anlegg for … enten det er spørsmål om biletskaping eller musikk. Men anlegg åleine skapar ingen kunstnar, men truleg er det dei som er med å utløyse interessa – er drivkrafta – til å komme i gang og å fortsette og fortsette. Her gjelder absolutt ordtaket: «Øve – øve jevnt og trutt og tappert det er tingen»

Ja, øving av handlaget for at penselen skal kunne utføre det du vil er ein ting, ja ei svært viktig side av saka, men det er det indre blikket eller ideen som avgjer kva penselen skal utføre. Det dreiar seg om å gjenskape eller formidle eit inntrykk eller ei oppleving.

Så langt som eg kjenner din kunst så formidlar den inntrykk frå og oppleving av våre nære omgivnader og då er det å bruke augene og å SJÅ ein føresetnad. Du sa det slik at det berre er 2 % av oss som verkeleg ser og fangar opp inntrykka, alle dei andre 98 % berre ser utan å sjå. Vi som har sett dine bilete er ikkje i tvil om du er mellom dei 2 % som har evne til å sjå.

Eg spurte deg om du har hatt nokon form for utdanning innan biletkunst, men det sa du at ikkje har hatt, bortsett frå at du «gikk i lære» hos bilethoggar Hjalmar Hansen. Men eg trur du fikk med deg noko vesentleg også i den samanhengen: Utvikling av evnen til å SJÅ.

Eg er ingen kunstekspert som kan uttale meg med fagleg tyngde om bileta dine, men eg elskar å gå på utstillingar og nyte mangfaldet innan biletkunsten. Når det gjelder din produksjon gjennom livet hevdar du at du har utvikla deg, noko dei fleste er einige i. Men eg vil like vel hevde at eg uansett skal kunne peike ut dine bilete i ei utstilling utan å ha kika i katalogen eller på signaturen.

Innanfor diktarkunsten er det eit omgrep som heiter heimstamnsdiktar. Overført til biletkunsten kan vi snakke om heimstamnsmålar, og eg vil plassere deg under den kategorien i den beste meining. Gjennom dine bilete formidlar du dine inntrykk frå våre nære omgivnader, du gir oss noko vi kan identifisere oss med og kjenne oss igjen i. Med din kunst gjer du oss bevisste på vår tilhørigheit – med andre ord gir du oss grunnlag for vår identitet.

Du har ein naturalistisk forenkla uttrykksform som av og til grensar til det stiliserte. Dette gjer du med kraftige penselstrøk og sterke klare farger, ofte med ein mørk fargetone.

Eg har hatt gleda av å kunne gå rundt å sjå på utstillinga på førehand, og mine oppfatningar av og karakteristikk av din bilete har eg fått stadfesta her. Og til de som har møtt opp her i dag: De har noko å gle dykk til! Eg vonar du får tid og krefter til å fortsette å «svinge» penselen til glede for oss alle. Til de som står for dette arrangementet vil eg rette ein honnør og takk for at de på denne måten løfter fram og presenterer Ingvar Outzen – ein av våre lokale biletkunstnarar – på ein slik fin måte. Med dette erklærer eg utstillinga for opna!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.