mandag 3. juli 2006

Ei veke til: Sekkjafoto no

Foto og fisking er verdens to største hobbyar. No henger vi ut eit agn for å fiske etter fotografar og foto. Tirsdagskvelden skal vi bruke til å sjå på fangsten. Får vi fast fisk, kan det bli ein god start på eit par døgn med foto i fokus. Dei to neste kveldane skal og på dagtid torsdag skal vi møte profesjonelle fotografar.

Den første kvelden er reservert for den glade amatør. Tittelen på kveldsøkta – Sekkjafoto no – indikerer at bilda bør ha tilknytning til Sekken og vere av forholdsvis ny dato. Dette er ei romsleg ramme. Kan du tenke deg å ta med nokre av dine foto og dele dei med andre? Eit bilde er eit bilde om det er eit lysbilde, eit parpirbilde eller er i digital form. Denne og dei to neste kveldane kan bli trivelege fotosamlingar enten vi blir fem eller femti som samlast.

MØTEPLASSEN er Sekken Museum tirsdag 11. juli 2006 kl 2030. PRIS: Gratis.


Dette er eit eksempel på sekkjafoto no. Ingjerd Gisetstad måla ein vegg ved ungdomshuset laurdag 1. juli 2006. Ho og fotografen kom i diskusjon om kor tid ungdomshuset blei måla sist. Eit digitalt foto med nødvendige opplysningar i arkivet kunne ha avklara den diskusjonen. Dette er eit tema vi kan ta opp tirsdag 11. juli klokka 2030. Foto: Øystein Eik

1 kommentarer:

Johan sa...

Dette er et forsøk på kommentar for å se om jeg har forstått "bruksanvisningen" med brukernavn og passord o.s.v. Ikke enkelt for en gammel krok:
Tiltaket med sekkjafoto er prisverdig. Nå har jo digitalkamera blitt allemannseie, men motivet må vi som trykker på knappen velge. Der har vi mye å lære. Takk for fint tiltak!

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.