fredag 7. juli 2006

Ei veke til: Rundebordskonferanse

RUNDEBORDSKONFERANSEN skal foregå rundt eit bord som er ovalt! I grunnen er det ikkje ovalt, og altså ikkje rundt, men det er eit gammalt og fint bord. Rommet er firkanta, men det har ikkje vi tenkt å vere. Og temaet er? Ja, det var det da. Festivalstyret legg opp til at samtalen skal dreie seg om Sekken.

Praten rund bordet blir nok ein samtale mellom fleire likeverdige partar, og nettopp ordet rundebordskonferanse fortel litt om intensjonen, trur vi. Årstida og festivalen tilseier at vi samtalar om tur både med og uten -isme, trivsel, tiltak og andre begrep som begynner på t. Ord som begynner på s er også interessante. Samsen, sykling, samarbeid, samhandling ... M for museum og aktuelt i og med at møteplassen er Sekken Museum.

Rundt bordet inviterer vi alle som vil delta i ein uhøgtidleg samtale. Du kan representere eit lag, ei firma, ein institusjon eller berre deg sjøl. Du kan også sitte litt tilbakelent og berre lytte, om du foretrekker det. Ta gjerne kontakt for samtalen om du har spesielle tema, og om du kven du vil representere.

MØTEPLASSEN er Sekken Museum • fredag 14. juli 2006 kl 1500 • PRIS: Gratis.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar