tirsdag 29. november 2005

MF Edøy er venta tilbake i rute ....

Onsdag blir ferja sett på slipp hos Bolsønes Verft AS. Her har vi henta fram eit arkivfoto frå 23. november i fjor, den kvelden det tok fyr i styrhuset. Frå venstre: Matros Per Helge Selnes, skipper Reidar Røren og maskinist Mikail Karadash som diskuterer situasjonen etter at brannen var sløkt. Dei var også på vakt i går kveld.


Sekken.net besøkte Bolsønes Verft AS 24. februar 2005 då MF Edøy var oppe til omfattande vedlikehald. Den 56 år gamle ferja fekk seg også ny aksling og propell. Akslingen har lenge vore eit problem på denne ferja, og skifte av aksling har vel ikkje svara heilt til forventningane.

Her ser vi ferja både framme og bak, og på det eine bildet fekk vi med matros Per Ivar Sunde - ein av dei som deltok i vedlikehaldsarbeidet i februar.

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 160

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar