søndag 9. november 2003

Gamle Leon, lekter og gravemaskin opp av sjøen


Laurdag 8. november var Vestadkaia sentrum for uvanleg aktivitet på Sekken. Mange mann og tungt utstyr var i sving ein lang arbeidsdag for å berge slepebåten Leon og arbeidslekteren med gravemaskin som havarerte ved kaia for tre veker sidan -- og tok med seg ein del av kaia. Sjøen var blikkstilleheile dagen, og det var ingen dramatikk. Store og mså tok turen ned til kaia for å sjå på arbeidet. No er alt utstyret frakta til Sunnmøre. Entreprenøren reknar med å fullføre arbeidet på vassledninga om nokre frå veker.

Hareid Sub Sea kom i gang med å legge røyr frå Nesjestranda til Sekken midt på sommaren. Tilførsesledning er lagt vidare i sjøen frå Sekkenes til Vestadstranda med uttak fleire plassar i bygda. Med denne utbygginga skal det bli meir stabil vassforsyning til alle som er tilknytta det kommunale vassverket på Sekken -- som hittil har basert seg på grunnvatn. Ein dags arbeid med den store gravemaskinen og ein del mindre oppdrag stod att då alt utstyret forsvann i sjøen. Entreprenøren opplyser at lekteren har fått skade ved møte med berg og stein, og dette har slått opp ein sveis eller to. Lekter og slepebåt var fortøyd ved Vestadkaia om natta. Trass i bergingforsøk tippa lekteren over med gravemaskin på dekk, og tok med seg slepebåten og ein del av kaia.

Laurdag var det ideelle forhold for bergingsarbeidet. Ødeaard Berging AS kom med kran og slepebåt frå Ålesund. I tillegg var det rekvirert slepebåt frå Trondheim som kom med lekter frå Aukra. Arbeidet starta tidleg på morgonen og var ikkje ferdig før langt på natt. Lekter, slepebåt og gravmaskin veg kvar for seg bortimot 30 tonn. Hareid Sub
Sea deltok med sine fire mann. To av dei var i sjøen ein stor del av tida.

Reidar Stridh er senior i familieselskapet, og driv i lag med sønene Morten og Remi Stridh. Dei har i tillegg med seg Terje Heggem frå Hjelset på dette oppdraget.

-- Dette sett oss kanskje ein million kroner tilbake berre i berging og begrensing av skade. Firmaet var eigenassurandør. Forsikringa vår gjeld ikkje arbeid på vatn, viser det seg i ettertid. Det fortel Morten og Remi Stridh på kaikanten etter ei økt mellom maskiner og utstyr i sjøen.
-- Litt bittert?
-- Nei, dette er ei utfordring. Du kan ikkje sitte å sjå deg tilbake heile tida når du kjører bil, og slik er det med oss. Dette kan aldri bli ugjort, og nå må vi bare jobbe endå hardare eit års tid for å ta igjen det tapte. Det vi hadde var bygd frå null med seks års innsats.

Dei fortel at det er gjort avtale om kjøp av gravemaskin og slepebåt, mens lekteren skal brukast vidare etter nødvendig reparasjon. Slepebåten «Leon» vart nok ein del skadd, og har så langt 120 års teneste bak seg. Båten bar namnet «Maagen» då den vart bygd i Volda. For vel hundre år sidan vart det sett inn ein motor på to hestekrefter, og dei siste femti år har den gamle trebåten hatt eit liv som slepebåt. Eigarane reknar med at båten no har gjort sitt og blir kondemnert.

-- Kommunen har gitt oss ei viss utsetting med arbeidet, så dette skal gå bra. Vi er langt heimefrå, så det er viktig for oss å komme i gang igjen og bli ferdig med oppdraget vårt. Sa den eine av tvillingbrørne Morten og Remi Stridh mens den andre hoppa ut frå kaikanten for feste ei løftestropp

Først måtte gravemaskinen sprengast laust frå lekteren, og kom etter kvart opp på den store lekteren som Ødegaard Berging AS hadde med for frakt av utstyr. Den havarerte lekteren var ikkje lett å handtere, men etter kvart kom den også opp på storlekteren. Seint på kveld var også slepebåten «Leon» trygt oppe på lekterdekket, og etter litt småplukk kunne alt og alle sette kurset mot Sunnmøre. Morten og Remi Stridh var stadig i sjøen. Terje Heggem jobba på land og i lettbåten. TV2 var på plass hele dagen og filma bergingsaksjonen.



Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 21

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar