Ruben Vestad smilte og var tydeleg stolt storebror til Leah i vogna.
Etter mange år ved Vestadkaia/småbåthamna og eit par år i Vestadbukta var sankthansfeiringa i år lagt til Vestadhagen. Sekken ungdomslag serverte rømmegraut og pølser på plassen ved Sjøbua. Ein fin trekk i lufta gjorde at smekka berre så vidt stakk innom arrangementet. Oppslutninga var god, og ingen taler mot at også neste års sankthansfeiring kan foregå i Vestadhagen.
Just Ove Westad fekk applaus då han steig ut av bilen. Han var nyoperert i ryggen og nettopp heimkommen etter sjukehusopphald som følge av traktorvelt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.