mandag 19. februar 2007

Ei fin minnegave til ungdomslaget


Sekken ungdomslag var 10 år da «Ungdomsheim» blei innvia 17. desember 1905. Laget fekk bygsle tomt på Ytste Eik, og bygdefolket gjorde ein stor dugnadsinnsats med husbygging dette året. Her ser vi ungdomshuset og tunet på Ytste Eik.
Som kjent var ungdomshuset 100 år i 2005. Det var Anne og Jøris Eik som i si tid stilte tomt til disposisjon på Ytste Eik.

Torbjørn Thorvik er oldebarn av Anne og Jøris. Han bur i Molde, og har god kontakt med slekta på Sekken. I ungdomshuset sitt jubileumsår pryda eit bilde av huset framsida på «Jul i Romsdal». Etter å ha sett dette, tok Torbjørn Thorvik kontakt og fortalte at han gjerne ville gi ein sum til huset og laget. Kr 20.000,- er no inne på ungdomslaget sin konto, overført frå ein mann som på denne måten gir ein heider til sine oldeforeldre på Sekken.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar