onsdag 15. mars 2006

Skisøndag i fine løyper

 
Manns minne er eit variabelt fenomen. Når var det siste ein slik fin skisesong? Medlemmer i redaksjonen meiner at vi må attende til 1996.

I alle fall: Søndag 12. mars 2006 var ein av mange dagar i mars med fine forhold for skitur på Sekken. Idrettslaget har kjørt opp løyper som ein del har benytta.

Fire blad Sekkeseter slo leir nord for Tranhaugen. Her har dei fått fyr på bålet og er i gang med pølsegrilling. Vi ser Ole Harald, Inga Marte, Solveig Marie og Ottar Johannes.

I skrivande stund er det fortsatt fine forhold i løypene. God tur!


Øystein Eik (tekst og foto)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar