mandag 6. juni 2005

Romsdal 6. juni 2005: Vinter igjen? Nysnø i fjella -- haglbyger i bygd og by



Ferja skal gå frå Sekken 08.40 og er i rute. Vi hoppar av bussen oppe i bakken for å fotografere fjella på fastlandet. Helene Lybergsvik har bestemt seg for at dette må ho dokumentere med kamera, og sekken.net følger etter.

Helene sat ved kjøkkenbordet i Engvika i dag tidleg og såg bort på Tussen og Urdfjellet. Det er uvanleg mykje snø i fjella etter årstida, seier ho. No er det femten år sida Wilhelm Coucheron-Aamot kom på sine årvisse sommaropphald på Veøya. Han kom i månadsskiftet mai-jun. Helen og Kåre var hans faste hjelparar, og Helene la spesielt merke til snømengda i fjella på den tida.

Ottar Sekkeseter fortel at nysnøen låg heilt nede i skoggrensa innover Fannestranda i dag tidleg, og med dagens temperatur tar det litt tid før den smeltar.

4 grader! Astrid og Johan Gisetstad har sjekka termometeret i bilen. Dei har hatt nokre dagar hos familien i Myra, og er på veg heim til Hegra i Stjørdalen. Men det går nok ikkje mange veker før dei kjem på sommartur -- gjerne med litt fleire og varmare grader!

Matrosen har henta avisbunka til Samsen og sekkjingar på bytur går på land. Regnet blir for ei lita stund avløyst av ei skikkeleg haglbyge. Men også sola var framme ei glimt. Veret er eit evigvarande tema med variasjonar!

Øystein Eik (tekst og foto)
ID: 104

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.