søndag 2. januar 2005

Sekken i dag -- søndag 2. januar 2005



2. nyttårsdag 2005. Bygda er stille også i dag. To helgedagar på rad, men så er det striskjorte og havrelefse igjen for folk flest.

Vi har katastrofer og tragedier i bakhauet. Ingen frå Sekken er direkte ramma, så vidt vi veit, men kven veit ennå kor mange som vil føle sorg og sakne kjentfolk etter det som skjedde andre juledag? Her i huset var det ei tid uvisst kva som hadde skjedd med ein onkel frå Gjøvik. Han var i området på ferie. Så kom heldigvis meldinga om at han hadde det etter forholda bra. I nabohuset sat ein ungdom og venta på nytt om kjæresten og familien hennar. Også om dei kom det snart positive meldingar. I eit hus på Sekkenes har Sigurd Køhn vore på besøk. Han og sonen Simon er no blant dei mange som står på lista over sakna personar.

Dersom nokon vil dele opplysningar og tankar med andre gjennom Sekken.net, vil redaksjonen gjerne formidle på beste måte. Kanskje kan nokon ord vere til hjelp og støtte frå andre.

DAGENS TUR gikk forbi Oppsalen, vestover skogsvegen til Utsikta, til Vestadvatnet -- og så austover før vi igjen kom ned om Oppsalen. Med litt tid til å nyte utsikta og fotografere -- og med snø som enkelte plassar nådde over støvlane -- tok turen to timar.

På dagens utsiktsbilde ser vi innover Langfjorden og i høgre bildekant ligg Lybergsvika. Enkelte detaljar i terrenget lokka og til fotografering, for eksempel ein skumdott som sveiv og sveiv i ein liten bekk. (Framsidebildet.) Vestadvatnet er vakkert som alltid. No ligg isen og dekker det meste, men over gjennom og over demninga strøymer vatnet.

Mykje vatn skal renne i havet også dette året. Mangt skal hende dei kommande 363 dagane før vi igjen skal skifte årstal. Sekken.net skal prøve å formidle ein del av det som skjer. Vil du vere med så heng på, tips gjerne andre om Sekken.net -- og send gjerne eit tips til: redaksjonen@sekken.net



Øystein Eik -- tekst og foto
ID: 65

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar